Eg heiter Wenche Løseth og har blitt råka av eit hjernestammeinfarkt 8. mars 2000, som førte til diagnosa “Locked In Syndrom”. Såkalla LIS.

Ein person pr. år pr. 4 millionar mennesker får denne diagnosen. Hjernestammeinfarkt av denne type gir ofte store fysiske utslag. Sjeldan opplever ein kognitive utfall.

 

Eg har skreve boka “Tsunami i kroppen“   som kom ut i 2007. Der skriv eg om erfaringane mine etter at eg fekk slag. Korleis samfunnet har møtt meg etter slaget. Korleis familien min og særleg borna mine er råka. Om korleis hjelpeapparatet fungerar med mykje meir.

Eg delar gjerne erfaringane mine her på bloggen og vil gjerne lese om andre sine erfaringar. Ting eg opplever i kvardagen er gjerne små for funksjonsfriske, men uendeleg store for meg som treng hjelp til det meste.

 

Utgitt: 2007 Spor forlag

ISBN13 9788291139319

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

*
*
Website